Nyheter

Nynorsk i Polylino

No kan ein lytte til bøker på nynorsk i Polylino! Glede! Dette er dobbeltutgåver av bøkene i verktøyet slik at bøkene vil finnast både med nynorsk tekst og lyd, og med bokmål tekst og lyd. Alle bøkene vi til no har oversett til nynorsk ligg under språkbokhylla: Norsk (Nynorsk). Ein kan også veksle språk på menyen til nynorsk under innstillingane i Polylino appen.

 

Det fins mange herlege bøker å velje mellom som til saman gjev eit godt tilbud til alle på barnehagen. For dei eldre borna kan velje mellom bøker som for eksempel “Kjøyra buss” av Henrik Wallnäs eller “Det prinsesser gjer” av Per Gustavsson og for dei yngre har vi valt ut nokre favorittar som “Otis kranglar” av Åsa Mendel-Hartvig og “Litle H helsar på” av Ann Forslind. Det kjekke med det utvalet som vi no har oversatt er att dette er bøker som finst innlest på fleire andre språk.